Eg vil leike!
Om du har eller har hatt barn i barnehagealder, så har du nok høyrt det før - setninga: “I dag har vi berre leika”.
Vi som jobbar i barnehage tek leik på alvor, for det er leiken som er barna sin sosiale arena, det er leiken som er barna sitt språk og det er i leiken læring, utvikling og danning skjer. Det er i leiken barna vert kjende med meg sjølve i samspel med andre.
I denne teksten vil vi i Rygg barnehage fortelje om eit leikeprosjekt vi har jobba med i snart to år – kva vi har erfart, lykkast med og ikkje lykkast med.
Ein skulle kanskje tru at eit prosjekt om leik burde gå leikande lett! For leik, det høyrest så enkelt og naturleg ut. På mange måtar er det det, men det kan òg vere så ufatteleg vanskeleg. For leik er ikkje berre berre, det omfattar nemleg alt!
Både det eine og det andre
Hausten 2024 starta Rygg barnehage, saman med Bakkelidgrenda barnehage, eit leikeprosjekt. Vi skulle fordjupe oss i leiken. Setje fokus på den. Med oss på “laget” fekk vi Terje Melaas, førskulelærar og leikeombud. Med si lange erfaring frå barnehage og med eit unikt blikk for leik, delte han sine erfaringar med oss. Han tok på seg rolla som rettleiar.
Som rettleiar var Melaas kritisk og utfordra dei pedagogiske leiarane. Dette er bra for utvikling. Ein treng kritiske blikk utanfrå om ein skal forbetre noko. Melaas kunne utfordre på ting som korleis ein reflekterer kring eigen praksis og korleis ein støttar, motiverer og bidreg til felles forståing for leik i personalgruppa. Melaas hadde òg meir konkrete utfordringar, som å skape ein figur som stimulerer til leik blant barna.
Frå dag éin gjorde alle i personalet ein innsats for å skape rom og gje input i leiken.
Men sjølv om alle gjorde ein solid innsats, fekk vi det liksom ikkje heilt til slik vi ville. Prosjektet kjendest veldig overveldande. Vi hadde store mål og mange lause trådar. Det var krevjande å leie for dei pedagogiske leiarane, og det var krevjande å få alle til å dra i same retning.
Saman laga vi to mål:
* For å vere ein god aktør i leiken, må eg vere fysisk på golvet og engasjere meg i barna sin leik.
* Eg skal gje input i leiken.
Etter ei ny runde med rettleiing, gjekk lufta ut av ballongen. Men vi gav oss ikkje. Det var ikkje eit alternativ. Vi måtte berre tenke annleis.
Det er ingen skam å snu
Ny styrar og fleire nye tilsette i personalet, førte til at vi trykte på pauseknappen. Vi hadde tenkt for stort. Vi måtte ta prosjektet litt tilbake og gjere det til vårt.
Vi starta med eit felles språk utifrå Terje Melaas si leikeglosebok. Ulike typar leik og prosessar i leiken fekk eit omgrep. Alle las seg opp, danna seg ei forståing og vi gjekk på jakt i kvardagen etter desse leikeprosessane. Vi heva kompetansen vår om leik og korleis den utarta seg mellom barna. Vi fekk felles ordforråd og felles forståing. No snakka vi om det same, vi forstod kvarandre betre og vi heva kvaliteten på refleksjonane, drøftingane og praksisen med barna.
Ved å tenke nytt og pause littegrann, fekk vi nødvendig tid til å «summe oss». Når vi no gjekk vegen i lag alle saman, oppnådde vi felles auka bevisstheit kring leiken vi er omgitt av heile dagen. Med auka bevisstheit var det òg enklare å peike ut ei retning. No ville vi fokusere på noko av det viktigaste; vaksenrolla.
Vaksenrolla i leiken
Det er dei vaksne sitt ansvar å skape gode leikerom og -miljø. Vi må skape tid, rom og ro. Som Terje Melaas seier: “Opne dører slik at barna får noko å vere saman om i leiken”.
Vaksne skal legge til rette, vere rollemodellar og forstå leiken. Forstå både kva den kan romme (heile verda om du vil) og at den treng å vernast. Leik er nemleg sårbart. Ferskvare på eit vis. Leiken vert lett forstyrra og då er det ikkje alltid like enkelt å finne tilbake.
Som vaksne med dette store ansvaret, ville vi ta eit steg av gongen. Halde det enkelt. Men det enkle kan òg vere vanskeleg. For leik er ein kunst. Ein kunst barna er ekspertar på. Så vi vaksne må berre halde oss fast og henge med, medan vi prøvar å tilrettelegge for alle og gjere slik at alle barna «våre» kan få sin plass i leiken.
For å gjere denne kunsten enkel, medan vi fokuserer på vaksenrolla, ville vi dele oss i mindre grupper. Då kan den vaksne vere meir til stades i leiken. Ikkje nødvendigvis som ein aktiv aktør, men vere fysisk nær.
Mindre grupper gjer det enklare for personalet å fange opp kvart enkelt barn sitt uttrykk og behov. Barn er veldig ulike. Nokre barn leikar uforstyrra uansett kva som føregår rundt dei. Nokre barn vert lett distrahert. Medan andre igjen held seg i utkanten av leiken. I mindre grupper kan vi skape rom for alle på ein betre måte. Den vaksne kan vere ein betre vaksen for barna i gruppa, enn om ein prøvar å vere ein god vaksen for alle samstundes. I ei lita gruppa er det færre distraksjonar og enklare å halde fokus og fordjupe seg i leiken.
Gruppene skaper andre relasjonar blant barna som kanskje ikkje ville ha oppstått elles. Det er ikkje alltid at vi får til så gode leike-/aktivitetsstunder i gruppene som vi vaksne har tenkt. Det er heller ikkje alltid vår input fenger barna der og då. Det kan vere både frustrerande og krevjande. Men heldigvis veit barna råd. Dei veit jo kva dei kunne tenkt seg og kanskje har dei til og med tankar om kva vi vaksne kan bidra med. Vi kan ikkje forvente at alt skal fungere på første forsøk, så då prøver vi på nytt.
Skunde oss langsamt
Å ta eit skritt av gangen og å skunde seg langsamt kan vere ei utfordring når ein jobbar med utviklingsarbeid. Det er utfordrande i ein delvis uforutsigbar kvardag med lite felles møtetid og tid til felles refleksjon av eigen og barnehagen sin pedagogiske praksis. Har vi skapt ein leikearena for alle kor alle får delta på sine premissar og opplever meistring og medverknad i sin kvardag?
Og kor vil vi egentleg? Må vi skifte kurs? Og korleis kjem vi oss dit? Har vi sikra at alle i personalet er med? Vi må samle inn data, analysere, halde fram, gå vidare eller endre noko? Vi spør ein gong til: alle med? Da har vi ein felles plan som gjerne må endrast på fordi kvardagen skal gå rundt.
Etter planen skulle fokus frå januar 2026 vere vaksenrolla i leik. Dette har ikkje gått heilt etter planen. Det betyr ikkje at vi ikkje har gjort noko. Alle i personalet skriv praksisforteljingar med jamne mellomrom. Desse forteljingane hjelper oss til å dele leikeopplevingar, reflektere kring kva som skjer i leiken, kva som fungerar bra eller mindre bra, snakke om samspel og vennskap, fange opp forstyrrigar som oppstår i leiken og korleis vi kan legge enda betre til rette neste gong. Det er ein krevande prosess å vere i endring. Vi vaksne må òg øve, og vi treng nok enda meir øving.
På god veg
Endringsarbeid tek tid, og vi må prøve å smøre oss med den berømmelege tålmodigheita og ikkje gje opp sjølv om ikkje alt går etter planen.
Men sjølv om vi ikkje har kome så langt som vi hadde håpa og endringane ikkje vert som vi hadde tenkt, har det likevel skjedd mykje. Vi ser eit meir bevisst og reflektert personale kring leik. Vi har fått eit felles leikespråk med omgrep som hjelper oss i felles refleksjon og evaluering av leikemiljøet vårt.
Og barna då, dei kan dette med leik! Leik på barna sine premissar, men vi må likevel vere klar over at det er vi vaksne som legg rammene.
Vi har framleis mykje å jobbe med i eit prosjekt som skal gjennomførast i ein levande kvardag med alt det som den innber.
Men vi er på god veg. Og det er slett ikkje så verst.
Pedagogiske leiarar i Rygg barnehage