Den verdskjende turistvegen Trollstigen i Geiranger opnar truleg fredag kveld eller laurdag.Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

Trollstigen opnar i helga

Den verdskjende turistvegen Trollstigen i Geiranger opnar truleg fredag kveld eller laurdag.

Det skriv NRK.

– Først var det usikkert om ein kunne opne vegen ned til Valldalen, men geologar har vurdert sikkerheita som god nok, seier Roar Vikhagen i Statens vegvesen til statskanalen.

I fjor opna turistvegen allereie 23. mai. Mykje snø har forseinka opninga i år.