Likar du å bade i sjøen eller i fjellvatn? Då kan det vere lurt å følgje bade-råda til fysiolog og forskar Øystein Wiggen. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Altfor mange druknar – Øv deg på å handtere kaldt vatn

I 2024 omkom 95 personar på grunn av drukning i Noreg.

Publisert

– Altfor mange, seier SINTEF-forskar Øystein Wiggen i podkasten Smart forklart laga av Sintef, skriv gemini.no. Og mange druknar veldig nær land eller båt, sjølv om dei fleste kan symje.

Wiggen er ekspert på menneskets yteevne og forklarer at det er mogleg å førebyggje sjokket av å hamne i kaldt vatn, anten ein skal bade eller ramlar ufrivillig uti. Det farlegaste er når kuldesjokket kjem overraskande.

– I Noreg har vi låge temperaturar i vatnet nesten året rundt. Ramlar ein uti vatnet er den omgåande reaksjonen å gispe, å hive etter luft. Hjartefrekvensen flyg i vêret, blodåra trekkjer seg saman og blodtrykket auka kraftig. Du kan hyperventilere og til og med svime av, fortel seniorforskaren.

Wiggens råd er å trene på å symje i kaldt vatn, å halde hovudet over vatn og få kontroll på pusten.

– Å vite korleis du reagerer er eit nyttig verktøy når du treng det, seier Øystein Wiggen.

Er du på stranda ein skikkeleg varm sommardag og skal bade, er Wiggens personlege metode å ta det gradvis for å førebu kroppen. Sjølv om du går varsamt ut i vatnet kan overraskinga vere stor nok, beina har nemleg ikkje så mange kuldesensorar som overkroppen. (©NPK)

Powered by Labrador CMS