
Sjette tropenatt på rad – hetebølgja held fram gjennom helga
Lange, lyse og varme sommarnetter har vore gjennomgangsmelodien den siste veka. I Noreg har det vore tropenatt ein eller fleire stader i seks dagar på rad.
Natt til fredag var det fleire plassar som kunne skilta med tropenatt. Nordland og Vestfold vart nattas varmaste, der gradestokken aldri gjekk under 20 grader fleire stader.
* Sandhornøya – Våtvikfjellet (Nordland): 21,4 grader
* Færder fyr (Vestfold): 21,4 grader
* Sømna – Kvaløyfjellet (Nordland): 21,3 grader
* Glomfjord – Skihytta (Nordland): 21,1 grader
* Skrova fyr (Nordland): 20,7 grader
* Sveinar fyr (Vestfold): 20,1 grader
– No har me hatt tropenatt i seks netter på rad, seier vakthavande meteorolog Charalampos Sarchosidis til NTB.
Oslo som tidlegare i veka har hatt tropenatt, nådde ikkje heilt opp natt til fredag. I hovudstaden kraup temperaturen ned til 19,6 grader.
Varmast i Nord-Europa
Sydentemperaturane skal ikkje forsvinna med det første. Tala meteorologen sit på, tilseier nemleg 30 grader i alle fylka i landet gjennom helga.
– Noreg er varmast i Nord-Europa i desse dagar. Det blir varmt for dei aller fleste, fortel Sarchosidis.
Sjølv om temperaturen held seg høg i heile landet, har han dårleg nytt til dei som vil gjennomføra helga i sola i enkelte delar av landet.
– Somme kystområde på Vestlandet og i Troms og Finnmark vil plagast av låge skyer, men held ein seg unna kysten, vil ein ikkje bli plaga.
Utover ettermiddagen fredag kan det òg dukka opp torebyer på Vestlandet og i indre strøk på Austlandet, fortel han.
Dårleg søvnnytt
For dei som slit med nattesøvnen i sommarvarmen, er det ikkje godt nytt å henta frå Sarchosidis.
I starten av neste veke varslar han eit vêromslag sør for Midt-Noreg. Då kjem regnet, men likevel går ikkje temperaturane nemneverdig ned.
– Det blir tropisk, lummert og klamt, seier han og viser til at gradestokken stort sett held seg over 20 grader, sjølv i regnvêret.
Vêrvinnaren neste veke ser ut til å liggja lenger nord i landet, i alle fall dei første dagane.
– I Trøndelag og lenger nord i landet held det fine og varme vêret seg til onsdag, avsluttar Sarchosidis. (©NPK)