Politiet åtvarar om svindelforsøk

Politiet åtvarar om at svindlarar den siste tida har gitt seg ut for å vera frå politiet. Legg på, er den enkle, men viktige beskjeden frå politiet.

Publisert Sist oppdatert

Svindlarar ringer frå eit tilsynelatande norsk nummer som startar på +47. Fleire offer har fortalt at dei har fått beskjed om at det er oppdaga mistenkjeleg aktivitet med passa deira.

Andre skal ha vorte fortalde at det er ferda ut ein arrestordre på dei for kvitvasking.

– Det er ikkje politiet som ringjer, og du må avbryta samtalen om du opplever dette. Du må ikkje dela personopplysningar eller følgja opp krava, heiter det i ei pressemelding frå politidirektoratet. (©NPK)

Powered by Labrador CMS