Det har dukka opp 500 fleire søkarar til VGS i Vestland enn dei var førebudde på. Foto: Håkon Vatnar Olsen/NRK/NPK.

800 elevar utan skuletilbod – fylket opprettar nye klassar

No opprettar Vestland fylkeskommune inntil 18 nye klassar i vidaregåande skule til skulestart.

Publisert

Det dukka opp 500 fleire søkjarar til VGS enn det Vestland fylkeskommune var førebudde på, skriv NRK.no.

Alle desse har krav på skuleplass. Men mange stader er det allereie fullt.

– Det vil vere veldig krevjande å skaffe nok plass til alle elevane enkelte stader, sa Bjørn Lyngedal, opplæringsdirektør i Vestland fylkeskommune, tidleg i juli.

No har fylkeskommunen sette i gang skuletilbod som eigentleg vart sett på pause.

Det vedtok politikarane i Vestland torsdag, skriv fylkeskommunen på sine eigne nettsider.

– Å pause inntak på denne måten var særs uheldig og skapte uro for både elevar og tilsette, står det i vedtaket.

Dei vedtok også å opprette opptil 18 klassar for å få plass til alle elevane som har rett på skuleplass. Dei ekstra klassene blir finansierte med oppsparte pengar.

Politikarane gav administrasjonen fullmakt til å opprette klassar der det er naudsynt. I hovudsak er dette i bergensområdet. I tillegg har fylkeskommunen dytta inn fleire elevar i mange klassar.

15. juli var det 841 elevar som ikkje har fått tilbod om skuleplass ennå, noko dei har rett på. På same tid i fjor var talet 467.

Viss klassar likevel berre viser seg å få ein eller to elevar, kjem det ikkje til å bli starta opp. Men det har i utgangspunktet ikkje noko med den ekstraordinære situasjonen å gjere. (©NPK)

Powered by Labrador CMS