
STIL fotball vil setje opp ballbinge
Fotballgruppa i STIL vil syte for å montere ein ballbinge i sentrum under Sandanedagane.
- Vi har lova å setje opp ein ballbinge av den typen vi brukar under Kongleriketurneringane, seier leiar i fotballgruppa, Gro Pleym Iversen.
Aktivitet
Annonse
Plasseringa er førebels ikkje bestemt, men ein ballbinge tek ikkje store plassen. Likevel inviterer ein ballbinge til aktivitet.
- Det vert ikkje arrangert kampar. Ballbingen vert i staden ein arena for sjølvstyrt aktivitet for born i alderen frå 5-6 til 9-10 år, seier ho.
Det er med andre ord berre å kome.
- I tillegg stiller vi sjølvsagt med Fair Play-vertar som syter for at alt går fint føre seg, seier Gro Pleym Iversen.