Thomas Mardal kastar sin første VM-finale tysdag. Foto: skjermdump NRK.

Sleggjefinalen er i gang

Finalen i sleggje i VM i friidrett i Tokyo med glopparen Thomas Mardal som ein av deltakarane i ringen, er i gang. 

Publisert Sist oppdatert

I det første kastet sitt kasta Mardal 77,11 meter. 

Den andre nordmannen i finalen, Eivind Henriksen, kasta 76,36 meter i sitt første forsøk. 

- Det er ein bra start. Ein må berre prøve, det blir høgt nivå, sa den norske trenaren Paul Solberg til NRK etter at dei to nordmennene hadde kasta kvar sin gong. 

I andre omgang kasta Thomas Mardal 77,70 meter, og ligg på ein førebels 4.-plass i konkurransen. 

Canadiske Ethan Katzberg leiar konkurransen med eit kast på 84,70 meter. Tyske Merlin Hummel ligg på 2.-plass med 82,77 meter. Bence Halasz fru Ungarn er nummer tre med 82,69 meter. 

I omgang tre auka Mardal til 78,02 meter. Han ligg no på 6.-plass og er dermed mellom dei ti utøvarane som får kaste minst eitt kast til. 

Thomas Mardal sitt fjerde kast blei underkjent, men han ligg framleis på 6.-plass og er mellom dei åtte utøvarane som får kaste også omgang fem. 

Thomas henriksen enda på 9.-plass i finalen.

I femte omgang kasta Thomas Mardal 76,83 meter, medan det siste kastet i VM-finalen enda på 75,92 meter. 

Med det enda glopparen på ein sterk 6.-plass i finalen. 

Powered by Labrador CMS