Velkomen til Mini-VM under Sandanedagane.

Skipar til Mini-VM på Sandane

Under Sandanedagane får publikum ein liten forsmak på det som skal skje under VM i vektløfting i Førde i haust. 

VM-klare Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda inviterer nemleg til Mini-VM i vektløfting laurdag ettermiddag. Saman med fleire utøvarar frå landslaget blir ho med på å instruere publikum. 

Dei som vil kan få lære meir om vektløfting, og blir med i trekkinga av billettar til VM i Førde i oktober. Det blir medalje til alle deltakarar. 

Dette blir moro for heile familien – kom og prøv!

 

Powered by Labrador CMS