Sigrid Heien Hansen.

Sigrid er seriemeister

Sandane-jenta Sigrid Heien Hansen og Vålerenga vart søndag kåra til meister i Toppserien i fotball 2020.

Det skjedde etter at Oslo-laget slo Arna-Bjørnar 4-0 på Intility Arena i siste serierunde.

Dette er Vålerenga sin første seriemeisterskap på kvinnesida nokon gong. Neste søndag spelar laget cupfinale mot LSK Kvinner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigrid Heien Hansen spelte 90 minutt på midtbana i dagens kamp. Ho teikna seg ikkje på scoringslista.