
No er det klart for VM i Førde
VM i vektløfting startar i Førde 2. oktober. Vestland fylkeskommune har støtta arrangementet med over 10 millionar og er saman med Sunnfjord kommune vertskap for mottakinga før opningsseremonien.
– Erfaring med å arrangere slike store meisterskap kan gjere oss meir attraktive for nye arrangement i framtida. Det skaper også samhald og styrkar både det frivillige og den lokale identiteten når folk i lokalsamfunnet samlast om eit felles prosjekt. Eg ser med begeistring fram til eit strålande VM i Førde, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei sak på nettsidene til fylkeskommunen.
Fylkesutvalet vedtok 23. september å takke ja til å vere vertskap for ei mottaking under VM. Vestland fylkeskommune har tidlegare støtta VM i fleire omgangar, med til saman 10 millionar kroner.
Til mottakinga 2. oktober kjem blant andre kulturministeren, idrettspresidenten, styre og administrasjon i International Weightlifting Federation, arrangementskomité, kommunar, større sponsorar og samarbeidspartnarar. Fylkeskommunen blir vertskap saman med Sunnfjord kommune, og mottakinga er i Førdehuset i forkant av opningsseremonien. (©NPK)