Sigrid Heien Hansen.

Cup-jubel for Sigrid

Sandane-jenta Sigrid Heien Hansen og Vålerenga sikra seg i dag NM-gullet etter å ha slege Lillestrøm 2-0 i cupfinalen på Ullevaal stadion.

Heien Hansen starta kampen på benken, men kom inn på stillinga 0-0 etter 62 minutt.

Ho var sentral då Oslo-laget tok leiinga elleve minutt ut i første ekstraomgang. Heien Hansen braut eit oppspel, avanserte framover i bana og slo ein perfekt stikkar til Ajara Njoya som scora sikkert åleine med LSK-keeperen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre tre minutt seinare sette Marie Dølvik Markussen inn 2-0 til Enga.

Det blei også sluttresultatet. Vålerenga har dermed vunne både serie og cup denne sesongen.