Trygve Bolset er juletrebonde på 15. året. – Det er ideelle forhold for juletre i bakkane her på Klakegg.

Noregs finaste tre kan stå på Klakegg

I år er det 200 år sidan det første juletreet vart pynta i Noreg, noko som skal feirast med å kåre landets finaste. Trygve Bolset håpar det blir hans tre.

I bakkane over Klakegg står ein velfrisert skog av både små og store håpefulle grantre. Gjennom vårsol og vinterstormar vender og bøyer desse trea seg på diplomatisk vis, heile tida medan dei målretta strekkjer seg høgare opp mot himmelen.

«Kanskje det er min tur i år?» spør dei lydlaust bonden som går på ein av sine inspiseringsrundar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bratte bakkar

– Det blir ein del turar opp hit i løpet av året, seier Trygve Bolset.

Han innrømmer at det er tyngre å forsere bakkane på våren. No på hausten er kroppen litt lettare. Då har han enno ikkje fått smake på dei tolv julekakeslaga til sambuar Marit Kristina Meland.

Trygve tok over garden på Klakegg i 2000 utan å heilt vite kva han skulle bruke dei bratte bakkane til.

– Motorslåmaskin er eit steg tilbake i tid, så det var ikkje aktuelt.

Han kom raskt inn på ideen om å selje juletre, og allereie seinare det året planta han ut dei første eksemplara.

Trygve likar å sage ned trea sjølv. – På den måten har eg litt meir kontroll, men det blir dugnadsgjengen som får den tyngste jobben.

Om godt tre skal bli

For eit tre er det ideelt å stå i ein bakke. Trea kan klare seg gjennom mykje, dei er bygd for det. Men den farlege frosten på våren kan ta knekken på sjølv den mest hardføre grana.

– Om våren er dei nett byrja å vekse, kjem der frost då er det fort gjort at dei tar skade. Men her oppe klarar dei seg bra. Det er ofte plussgrader her i bakkane, medan det er minusgrader nede i flata.

Dei første trea selde han i 2007 på den nystarta julemarknaden i Klakegg grendehus. Dei hadde han kjøpt inn frå andre juletreprodusentar, fordi hans eigne tre ikkje var vaksne nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det tar nemleg tid å bli eit godt juletre. Minst ti år.

Sel unna

Sidan den gong har nærare 30 000 juletre forlate bakkane på Klakegg for å oppfylle skjebnen sin i heimar i Sunnfjord, Sogn, Nordfjord og heilt opp til Mørekysten.

2/3 av trea går kvart år til juletreforhandlarar og hagesenter. Resten køyrer Trygve rundt til butikkar i området, sel på torg eller på julemarknadar, slik som sin eigen på Klakegg. November og desember er ein hektisk periode, og når januar kjem er alle trea vekk.

– Det finst fleire kundar enn kva eg har tre, så slik sett er det eit luksusproblem, smiler han.

Han jobbar som avløysar i tillegg, men juletrea er hovudinntektskjelda.

Vestlandet sitt finaste juletre vart planta ut for ti år sidan.

Finast på Vestlandet

I år er det litt ekstra stas å vere juletrebonde. Det er nemleg 200 år sidan det første juletreet vart pynta i Noreg, nærare bestemt i Christiania. Dette skal feirast med ei landsomfattande tevling. Ein veritabel skjønnheitskonkurranse. Og i denne konkurransen er det ikkje så nøye med krig, fred og politikk og sånn. Her er det berre utsjånaden som tel.

– Mitt tre er stemt fram til å representere Vestlandet. Det er sjølvsagt litt stas. I hovudkonkurransen konkurrerer eg med dei andre regionane om å bli kåra til Noregs finaste. Då kan alle som vil stemme, anten på Facebook eller Instagram, seier han og innrømmer at han har god tru.

– Det er eit fint tre, konstaterer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Første dag med juletrepakking. Til saman 1400 Klakeggjuletre skal pakkast denne sesongen. Då er det godt med god hjelp.

Uvurderleg hjelp

Når 10. desember kjem har om lag 1400 Klakeggtre møtt saga til Bolset, blitt pakka og sendt av garde anten nordover eller sørover.

Med slike tal er det godt å ha god hjelp. I femten år har vener og naboar stilt opp når det gjeld som mest. I ei intens veke til saman pakkar og stablar dugnadsgjengen alle trea som Bolset sagar ned.

– Dei stiller på uansett vêr eller føre, det er verkeleg fint, seier han.

– I dag er det aldeles strålande forhold. Det er verre når det er djup snø med skare på toppen. Då er det litt tyngre, seier Arne Klakegg.

Vêret har mykje å seie, både for trivsel og for trea. For skaresnø kan skade trea, og jobben med å frakte dei til pakketrommelen blir litt tyngre når ein må løfte meir enn å dra.

Sosialt

Det er dugnad som gjeld på Klakegg, og på det meste er dei seks stykk som hjelper Trygve med innhaustinga.

– Dei får litt bevertning rundt bålpanna, og så får dei sjølvsagt kvart sitt juletre. Då må dei vere fornøgde, ler han og ser på hjelparane.

– Ja, vi kjem no igjen, så det fungerer det, smiler Arne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Broren Svein nikkar. Han set pris på det sosiale aspektet.

– Eg driv gard og går mykje for meg sjølv i løpet av ein arbeidsdag. Då er det kjekt å kome her og ha det litt sosialt.

Menyen rundt bålpanna er nokolunde fast.

– Vi gjer det enkelt. Pølse i brød, kaffi, julekaker og julebrus, seier sambuar Marit.

– Julebrussesongen startar her oppe, eg rører ikkje det før første dagen her. Det er ein fin tradisjon, seier Arne.

Gode naboar: F.v.: Arne Klakegg, Oddvin Klakegg, Svein Klakegg og sambuar Marit Kristina Meland er ikkje vanskeleg å be når juletrebonden treng hjelp.– Det er kjekt å kunne hjelpe, og veldig sosialt, seier dugnadsgjengen.

Edelgrana

Første dag av juletrehogsten er unnagjort, men eitt og anna juletre har allereie forlate garden. I byrjinga av november sende han fleire tre til Måløy for å pynte opp julegatene der. I tillegg er det fleire lokale hotell som no smykkar seg med eit Klakeggtre i resepsjonen.

– Folk er hissige på å kome i gang, ler han.

– Det er nok eit forsøk på å påverke den lange mørketida med å gjere det litt lysare rundt seg, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det mest populære juletreet er av typen edelgran, er om lag to meter høgt, og er tette i greinene. 90 prosent av trea hans er av denne sorten.

– På grunn av nålefastheita er dei veldig populære, dei held seg fine veldig lenge.

I hans eiga stove er det derimot kun vanleg gran som slepp inn gjennom dørene. Sambuar Marit likar best det.

– Dei er flotte dei òg. Men om eg hadde bestemt heilt sjølv hadde det nok blitt edelgran på meg òg, smiler han.