Duoen Berit Gloppestad (t.v.) og Margit Nyhammer gler seg til Sandanedagane. I framgrunnen kan ein sjå nokre av dei flotte varene som ein kan få kjøpt på Lopperiet under dei innhaldsrike dagane.

Lopperiet er klart til Sandanedagane

Berit Gloppestad og Margit Nyhammer gler seg til Sandanedagane. Saman med Margunn Gloppestad, Ingvild Midtkandal og Brita Austrheim er dei ansvarlege for Lopperiet i Firdavegen.

Lopperiet opnar fredag føremiddag og held ope til søndag ettermiddag. Under Sandanedagane blir det høve til å gjere gode kjøp både inne i dei faste lokala og i eit telt utanfor bygget.

Nye lopper

Det har kome mange nye lopper inn dørene, og nokre av dei er sette av til Sandanedagene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har fått masse nytt. Gjennom hele året har vi òg lagt vekk nokre varer her og der med tanke på Sandanedagane. Sjølv om vi har selt mykje i år, er det ein del ting vi har valt å gøyme, seier Margit Nyhammer.

Ho og Berit Gloppestad gler seg til Sandanedagane.

– No er det så fullt her inne at eg nesten ikkje veit kvar eg kan setje føtene mine. Det skal bli kjekt å få selt vekk ein god del, ler Gloppestad.

Unik stemning

Sjølv om lagera fyller seg opp, synest dei det er kjekt at folk ønskjer å gje til Lopperiet.

– Det er gledeleg å sjå at folk tenkjer på oss. I samband med dødsbu blir vi òg kontakta og spurd om det er noko av det vi vil ha. Ofte er det slike varer som er dei finaste vi får inn, fortel Nyhammer.

Stemninga under Sandanedagane er heilt unik, ifølgje dei to.

– Det at det kjem mange, og at dei som jobbar her er så positive som dei er, bidreg til kjekke dagar.

Oppfordring til kundane

Duoen gler seg over at mange har meldt seg som hjelparar under Sandanedagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I år har det vore veldig greit å få tak i frivillige. I fjor fekk vi mange tilbakemeldingar frå dei frivillige om at dei gjerne blei med neste år òg. Det er veldig gledeleg, smiler Gloppestad.

Sjølv om dei prøvar å spare opp bereposar gjennom året, ser Gloppestad og Nyhammer at dei går fort unna under Sandanedagane.

– Vi ønskjer at alle kundane som kjem for å kjøpe på Lopperiet har med eigne bereposar eller berenett. Viss ikkje, går det diverre fort tomt.

Gloppestad har òg eit tips til nye hybelbuarar som skal begynne på Firda vidaregåande skule:

– Under Sandanedagane kan de finne masse som kjem til god nytte på ein hybel. Det er berre å stikke innom.