Elevane kom med klare råd for å få ned matsvinnet

Skei skule har i haust hatt eit prosjekt gåande for åttande klasse der det handlar om klima og berekraft, og der næringslivet blir involvert gjennom den såkalla Lektor2-ordninga.

Skulen har gjennom prosjektet sett fokus på matsvinn, noko som er ei av baksidene i eit velferdssamfunn. Gjennom samarbeid med Circle K og Coop Jølster har elevane prøvd å finne løysingar for å redusere matsvinnet.

Fire elevar frå 8. klasse som har lært mykje gjennom prosjektet med å sjå på kva som kan gjerast for å redusere matsvinn. F.v.: Anita Klakegg, Stina Seime Sunde, Idrey Bergheim, Ole Jacob Håheim (Alle 13 år).

Lektor2

Undervisningsopplegget går inn under Lektor2-ordninga, eit undervisningsopplegg som svært mange skular nyttar. Eit kjapt nettsøk fører oss inn på Lektor2-ordninga si nettside, og der kan vi lese følgjande om kva dette handlar om.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lektor2-ordninga er ei nasjonal realfagssatsing der lærarar samarbeider med fagpersonar i bedrifter/institusjonar som brukar realfag i jobben sin. Målet er å auke interessa og motivasjonen for realfag hos elevane, vise fram korleis realfag blir brukt i arbeidslivet og bidra til at fleire elevar vel realfag i vidare utdanning og yrke. Lektor2 blir finansiert av Kunnskapsdepartementet og blir drifta av Naturfagsenteret på Universitetet i Oslo.

– Vi har lært mykje

Vi møtte fire åttandeklassingar som fortalde om kva erfaringar dei har gjort seg gjennom fleire vekers prosjektarbeid. Dei hadde også laga framlegg til korleis dei to samarbeidande bedriftene kunne redusere matsvinnet sitt.

– Dei tok imot det vi fortalde, var beskjeden frå Anita Klakegg.

Saman med dei tre andre gav ho uttrykk for at dei hadde lært mykje, og at det hadde vore interessant på alle måtar.

– Dette med berekraft og matsvinn har vi vore innom i alle fag, kunne ein av lærarane, Kjersti Rauset, fortelje.

Kva må til?

– Kva er resultatet av prosjektet blitt, spurde vi dei fire elevane.

– Det vi har sagt til dei to bedriftene vi har jobba med, er at dei må bli betre på å bruke sosiale medium, og at Coop Jølster må skaffe seg Appen «For good to go». Den har Circle K og fungerer slik at kundar kan bestille mat som vil gå ut på dato neste dag og hente om kvelden, fekk vi til svar.

Vi fekk også høyre at Coop Jølster var interessert i å gje slik mat til kantina ved skulen, og at det onsdag vart servert mat i kantina som dei hadde fått frå Coop-butikken og som var ute på dato då den vart frosen ned og levert til skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er betre å gje maten til skulen enn å kaste den, meinte Siv Mari Sunde som representerte Coop Jølster på avslutningsdagen av prosjektet onsdag.

Ukurante fasongar

Tilbake til dei fire åttandeklassingane, så hadde dei i alle fall lært at maten kan vere like god om den er ute på dato. Dei var også overraska over matsvinnet, både negativt og positivt.

– Kva tenkjer de om at vi kastar store mengder mat, medan svært mange svelt rundt om i verda?

– Det er forferdeleg og noko det absolutt må gjerast noko med. Vi har også sett på dette med at frukt, poteter og grønsaker blir kasta fordi dei har feil fasong og storleik.

– Har det vore eit interessant prosjekt å arbeide med?

– Ja, absolutt, vi har kome oss ut av klasserommet og har fått gjort mykje vi ikkje kan gjere i ein vanleg skulekvardag, svara dei fire engasjerte elevane i kor.

Det var stor tilstrøyming og god omsetnad i kantina. Eit positivt tiltak, var det mange som tykte.

Kø i kantina

9. klasse, som har faget mat og helse på timeplanen, var vertskap i kantina og maten gjekk unna. Kundane kunne velje og vrake mellom betasuppe, pølse med brød, vaflar og pizzabolle. Alt var basert på varer som hadde blitt kasta om dei ikkje hadde hamna på skulekjøkenet. Det er ei stund sidan sist det var kantineopplegg ved skulen, og det var tydeleg at elevane sette pris på tilbodet.

– Det er veldig bra med kantine og maten smakar godt og som den skal, smilte Anna Fonn Sæten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles var det fleire som tykte det var fint med varm mat.

Ved «kassaapparatet» som var ein plastboks, sat Åsmund Sunde Førde og hadde full oversikt over økonomien.

Desse tre jentene tykte det var positivt med kantine på skulen etter gammalt. Alle var samde om at maten smakte som den skulle, sjølv om den var gått ut på dato. F.v.: Anna Fonn Sæten, Martine Jamaris Huus og Tuva Tefre Kalstad (alle 8. klasse).
Åsmund Sunde Førde styrde «kassaaparatet» og kunne til slutt notere seg for rundt 3000 kroner i overskot på kantinedrifta, pengar som går til skuletur.

– Salet har gått veldig bra og pengane vi får inn skal vi bruke til klassetur, fortalde han.

Bør ha appen

Siv Mari Sunde frå Coop Jølster tykte det var kjekt å sjå at maten gjekk unna.

– Har de mykje matsvinn?

– Det varierer gjennom året. Om sommaren er det lite, for då er det meir folk innom butikken, men no om vinteren er det nok meir. Elles har vi eit par bønder som hentar brød til fôr, og vi frys også ned brød som vi sel til barnehagen neste dag. Så vi prøver å redusere mest mogeleg på matsvinnet, men vi bør nok få på plass appen «To good to go» var konklusjonen til matbutikken sin utsending.

Sander Bjelland Sunde hadde fått med seg ein skikkeleg porsjon, men meinte det skulle gå greit å ete opp.