Vêrvarsel kan gi ferdselsforbod i utsette havområde
Kystverket innfører ferdselsforbod for passasjerfartøy over 1250 meter i særleg utsette farvatn.
Reglane skal tre i kraft 1. januar 2026 og gjeld for utpeika område når Meteorologisk institutt varslar sterk kuling, altså middelvind på 17,2 meter i sekundet (Beaufort 8) eller meir.
Forbodet gjeld seks utsette kyststrekningar: Stadt, Hustadvika, Folda, Fugløykalven, Sørøya og Honningsvåg.
Hendinga med Viking Sky i Hustadvika i 2019 er truleg medverkande til dei nye reglane.
– Store passasjerfartøy som opererer i krevjande farvatn utfordrar beredskapsevna dersom noko skulle skje. Dei nye reglane vil bidra til å redusere risiko og sikre av seglingar blir gjennomførte på ein trygg og ansvarleg måte, seier avdelingsdirektør Arve Dimmen i Kystverket i ei pressemelding.
Tiltaket følgjer opp ei tilråding gitt i NOU 2022. Her blir det slått fast at det er naudsynt å styrkje tryggleiken for store passasjerskip i område der verforhold kan gjere rednings- og beredskapsarbeidet krevjande. (©NPK)