Over 3,2 millionar betalingar med Vipps vart gjort på nasjonaldagen. Det er ny døgnrekord.

Vipps sette ny rekord på 17. mai 

Nordmenn vipsa over 3,2 millionar gonger på 17. mai. Dermed vart den gamle rekorden, som var frå 17. mai i fjor, slått.

Publisert Sist oppdatert

– Tæpping er ein viktig grunn til at tala i år vart såpass mykje høgare enn i 2025, og det er den raskast veksande betalingsmåten i Vipps’ historie, seier Vipps-sjef Rune Garborg i ei fråsegn til NTB.

Aller travlast søndag var det klokka 12.38. Då vart det vipsa 8250 gonger på eitt minutt. På ein vanleg dag toppar det ut på 1600 betalingar i minuttet.

Vipps-tala viser at lodd var det mest selde produktet i skulegardane på nasjonaldagen. Kake kom på andreplass, og brus enda på tredjeplass.

Barnetoget på veg opp Karl Johans gate under 17. mai-feiringa i Oslo søndag.

Dei kanskje mest typiske 17. mai-produkta, pølse og is, måtte nøye seg med 4.- og 6.-plass. Kaffi var nummer fem.

– Dagens rekord viser at stadig fleire folk legg att lommeboka heime og heller betalar med mobilen, også på 17. mai, seier Garborg.

Vipps-tal 17. mai 2026: 3.263.000 betalingar

Vipps-tal 17. mai 2025: 3.064.000 betalingar. (©NTB)

Powered by Labrador CMS