Frå og med 12. mai får nynorskbrukarar språket sitt i Vipps-appen. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Vipps lanserer nynorsk versjon av appen

På nynorskdagen 12. mai rullar Vipps ut nynorsk som eit nytt språkalternativ i appen.

– Dette handlar om å visa språkleg ansvar og respekt for kundane sine. Eg håpar fleire aktørar i næringslivet lèt seg inspirera av Vipps, seier Språkrådet-direktør Åse Wetås i ei pressemelding frå Vipps.

I heile Vipps er det over 4500 ulike faste tekstar, og det er desse tekstane som no er omsette frå bokmål til nynorsk med hjelp frå Noregs Mållag.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å skapa ekstra engasjement rundt oppdateringa, vil det for alle som vel nynorsk som språk i Vipps vera mogleg å «kvippsa» i nokre dagar. Etter kvart vil det gå over til å heita «vipsa» igjen, også på nynorsk.

Lars Tore Skau, som er utviklar og nynorskentusiast i Vipps, fortel at éin av ti vippbrukarar har nynorsk som hovudmål.

– Derfor skulle det berre mangla at vi gjer det mogleg å bruka Vipps i nynorskversjon, seier han. (©NPK)