Nordfjord folkehøgskule.

Vil kutte i stipendet til folkehøgskuleelevar

Regjeringa foreslår å redusere stipenddelen for folkehøgskuleelevar frå 40 til 15 prosent. Det same kuttforslaget blei reversert i budsjettforhandlingane i fjor.

Publisert Sist oppdatert
Regjeringa foreslåt å kutte i stipendet til folkehøgskuleelevar. Det kan få følgjer for dei som til dømes går på Karmøy folkehøgskule.

– Vi opplever det som eit stort tillitsbrot og komplett uforståeleg at Arbeidarpartiet foreslår det same kuttet i år. Det er ei krevjande tid for folkehøgskulane, og det står over 100.000 unge utanfor skule og arbeidsliv, seier Anne Tingelstad Wøien, dagleg leiar i Folkehøgskolerådet, i ei pressemelding.

I fjor signerte over 40.000 personar ein underskriftsaksjon mot forslaget. Lokalpolitikarar over heile landet engasjerte seg, og budsjettpartnarane reverserte forslaget.

I tillegg til kutt i stipendet foreslår regjeringa å endre tilskotsmodellen frå nyttår slik at midlar blir overførte frå små til større skular.

– Vi har tidlegare varsla at dette forslaget kan bety nedlegging for mange mindre folkehøgskular. Å gjere dette i tillegg vil føre til skulenedleggingar, seier Anne Tingelstad Wøien.

Folkehøgskulane set no lit til Stortinget og håpar dei vil reversere kuttet. (©NPK)

Powered by Labrador CMS