Viking åtvarar før bilferien
Viking Redningsteneste ventar stor pågang i fellesferien og oppmodar bilistar om å førebu bilen før avreise. Kvar sommar får selskapet over 80 000 førespurnader om vegassistanse.
– Fellesferien er høgsesong for vegassistanse. Vi ser mange av dei same utfordringane gå att kvar einaste sommar, seier Mette Syrstad i Viking i ei pressemelding.
Dei vanlegaste problema er flatt batteri, punktering, motorstopp, overoppheita bilar og feilfylling av drivstoff. Viking peikar òg på at laus bagasje kan utgjere ein stor tryggleiksrisiko ved bråbrems eller kollisjon.
Bilistar blir råda til å ta ein enkel sjekk av bilen før avreise, sikre bagasjen godt og kontrollere drivstofftypen – særleg dersom dei køyrer leigebil eller ein bil dei ikkje er vane med.
(©NPK)