-Vi må vere unike, seier næringssjef Knut Roger Nesdal

– Vi må satse på å bli unike

– Vi er på rett veg. Vi må berre tore å vente på det alternativet som passar med dei tankane vi har. Sandane vil aldri kunne bli det kringliggjande bygder er. Sandane må bli noko anna, seier næringssjef Knut Roger Nesdal.

– Kopierer vi tettstader rundt oss, trur eg ikkje vi vil lukkast. Då er vi 20 år for seint ute. Vi må satse på å bli unike – slik vi er på veg til å bli, held Nesdal fram.

– Må spele på lag

– Kva tenkjer du som næringssjef om planane til Coop Nordvest og Firda Billag?

– Eg støttar rådmannen sitt planutkast fullt ut. Dette har vi kome fram til gjennom parallelloppdraget og alle dei samtalane vi har hatt med innbyggjarane i kommunen. Dei idéskissene som ligg føre frå Coop og Firda Billag er ikkje i tråd med dei tankane vi har knytt til fjordlandsbyen, seier han.

Nesdal legg til at planarbeidet er forankra i innspel frå innbyggjarane.

Les også
– Vi må ha tru på at Sandane kan bli ein attraktiv fjordlandsby

– Innbyggjarane må stole på at vi tek innspela med oss i arbeidet vårt. Eg har forståing for at det kan vere vanskeleg å setje seg inn i det store biletet, men vi jobbar med dette kvar einaste dag, understrekar han.

Næringssjefen håpar utbyggjarar vil tilpasse planane sine til føringane i sentrumsplanen.

– Det hadde vore flott om dei kunne vere med på å byggje fjordlandsbyen Sandane. Coop og Firda Billag ville vere fantastiske aktørar å ha med på laget, men dei må spele på lag – og ikkje på motsett banehalvdel.