
Vestlandskommunar skeptiske til cruiseavgift
Stortinget har vedteke cruiseavgift, men fleire ordførarar på Vestlandet vurderer å takke nei.
Det skriv NRK.
Tidlegare i år presenterte næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) eit «hypotetisk døme» på 150 kroner i avgift for å gå i land.
Trass i moglegheita for titals millionar i kommunekassene, er cruisekommunane på Vestlandet skeptiske til ei slik avgift.
– Vi hadde tenkt oss mellom to og fem kroner per person, seier Per Kjøllesdal (Sp), ordførar i Stryn kommune, ein kommune med 300.000 cruiseturistar i 2024.
Kjøllesdal er redd for at den høge avgifta vil gjere at cruiseskipa droppar å kome.
Sjølv problematiserte Myrseth sitt eige døme med at det kunne bli konkurranse mellom hamnene.
Ifølgje NRK er det fleire ordførarar som ikkje ønskjer at avgifta skal avgrense trafikken, og at dei i det minste vil kunne bestemme over dette sjølve.
Det er ikkje kjent når cruiseavgifta kan kome eller faktisk vil bli sjåande ut, men dei innsamla pengane må gå til reiselivsrelaterte føremål. Avgifta er ein del av forslaget om turistskatt som Regjeringa fekk fleirtal for tidlegare i år. Dei kallar det for besøksbidrag. (©NPK)