Høgre-leiar Erna Solberg håpar partiet kan snu trenden med dårlege målingar gjennom valkampen. Foto: Frederik Ringnes/NTB/NPK.

Verste TV 2-måling for Høgre på 16 år

Ein må tilbake til 2009 for å sjå ei dårlegare oppslutning for Høgre i enn i TV2 si ferske måling.

Publisert

Oppslutninga til Høgre har gått frå 30 prosent for to år sidan, til 14 prosent i juli.

– Det er altfor dårlege tal for Høgre. Og så tenkjer vi at no har vi ein veldig intensiv valkamp på å snu dette bildet, seier Erna Solberg til TV 2.

– Målinga viser at 227.000 veljarar har forlate Høgre og gått til eit anna parti sidan valet i 2021, seier talknusaren til nyheitsmediet, Terje Sørensen.

Arbeidarpartiet er det største partiet i julimålinga, med 30,9 prosent i oppslutning.

Frp er det nest største, med 21,5 prosent i oppslutning. (©NPK)

Powered by Labrador CMS