Fv 5730 i Hyen framleis stengt

Fv 5730 til Gjengedal i Hyen vart fredag morgon stengt som følgje av stein i vegbana.

Fredag ettermiddag melder Vegtrafikksentralen Vest at vegen vil vere stengt fram til ny vurdering vil bli tatt laurdag, truleg før klokka 12:00

Dei som bur i Gjengedal har både straum og telefon.