Leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre og leiar i Senterpartiet (Sp) Trygve Slagsvold Vedum hadde onsdag eit møte etter budsjettbråket.

Vedum etter møte med Støre: – No er vi klare for budsjettforhandlingar

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har møtt statsministeren. Han seier alle uklarleikar om budsjettbråket er rydda av vegen, og at Sp er klare for forhandlingar.

Publisert

– Statsministeren og eg har hatt eit møte. Der var han heilt tydeleg på at ordninga for sletting av studielån skal gjelde alle typar studielån gjennom Statens lånekasse, og at ordninga skal vere slik ho vart presentert og vedteken i fjor, seier Vedum til NTB.

Onsdag møtte Sp-leiaren statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) etter ei veke med krangling om statsbudsjettet, der regjeringa først ville kutte ordninga med gratis ferje og kutte i ordninga med sletting av studielån i distrikta.

Senterpartiet har kravd ei reversering av kutta og sagt at dei ikkje stiller til budsjettforhandlingar før dette er på plass.

Fornøgd med svara

Tysdag kveld snudde Arbeidarpartiet og sa at dei droppar begge kutta.

Vedums omgåande respons var at han ville sjå det skriftleg og ha forsikringar om dei konkrete formuleringane før han sa ja til forhandlingar.

Det har han no fått.

– Statsministeren las opp formuleringane for meg, og vi gjekk gjennom det, seier Vedum.

Støre stadfestar også at forhandlingsprosessen går vidare.

– Eg hadde ein god prat med Trygve i dag om arbeidet som ligg framfor oss i Stortinget. No har dei fem raudgrøne partia felles ansvar for å jobbe oss fram til semje om eit godt og ansvarleg budsjett for landet, skriv han i ei tekstmelding til NTB.

– Ryddig og ordentleg

Tysdag kveld oppstod det litt forvirring i Debatten på NRK om ordninga for studielån også skulle gjelde for yrkesfag og vidaregåande utdanning.

Det har Arbeidarpartiet stadfesta.

– Det var heilt krystallklart og tydeleg. Derfor var det viktig å bruke dette ekstra døgnet for å få det klarert, og viktig å få landa det på ein ryddig og ordentleg måte i eit møte med ein konstruktiv tone mellom statsministeren og meg som partileiar i Senterpartiet, seier Vedum.

No er det snart klart for forhandlingar i Stortinget mellom Ap, Sp, SV, MDG og Raudt.

– Det kjem til å bli veldig krevjande forhandlingar, for det er ein kraftig vilje til sentralisering i dette budsjettet. Det vi sa, er at desse to punkta måtte ryddast unna, sånn at ein kunne byrje på nullpunktet og starte forhandlingar på vanleg vis. No er det rydda opp i, seier Vedum.

Powered by Labrador CMS