Nettverk for dyrs fridom dokumenterte forholda for høns i bur. Landbruksministeren skildra forholda som uakseptable.

Varslar forbod mot burhøns

Regjeringa ber Mattilsynet om å forby hald av høner i bur, etter at Nettverk for dyrs fridom i april avdekte alvorlege lovbrot på norske bureggfarmar.

Publisert

Mattilsynet har fått beskjed om å utarbeide eit forbod mot etablering av nye bureggfarmar, i tillegg til å sette ein sluttdato for når eksisterande anlegg må ha lagt ned eller lagt om til frittgåande produksjon.

– Dette er ein siger for dei 180.000 hønene som framleis sit innesperra på norske bureggfarmar, seier Tor Grobstok – sivilagronom og talsperson i Nettverk for dyrs fridom, i ei pressemelding.

I april i år publiserte dei bilde frå norske bureggfarmar som viste dyr som levde i tronge nettingbur, sjuke og skadde dyr, døde dyr og høner som hadde fått rivne ut alle fjøra sine.

Mattilsynet foreslo allereie i 2023 eit forbod mot burhøns, men fekk nei frå Landbruksministeren. No har regjeringa altså snudd. (©NPK)

Powered by Labrador CMS