Trond Teigene. Pressefoto.

Utlånsvekst for Sparebank 1 Sogn og Fjordane

Sparebank 1 Sogn og Fjordane har eit resultat på 370 millionar kroner før skatt i tredje kvartal, og ein samla utlånsvekst på 6,3 prosent.

Torsdag offentleggjorde SpareBank 1 Sogn og Fjordane tala sine for tredje kvartal 2025.

Heng saman med renteendring

Banken har ein vekst i utlån til privatmarknaden med 6,0 prosent og vekst i utlån til bedriftsmarknaden på 7,1 prosent.

– Vi ser at aktiviteten på privatmarknaden er stigande, noko som heng saman med dei to rentenedsetjingane frå Norges Bank. Også på bedriftsmarknaden har aktiviteten vore god det siste året. Vi har 6 av 10 aksjeselskap som kundar, og følgjer dermed næringslivet i Sogn og Fjordane tett, og vi ser jamt over god soliditet og likviditet i det lokale næringslivet vårt, seier adm.dir Trond Teigene i ei pressemelding. 

370 millionar i resultat

Resultatet før skatt for 3. kvartal 2025 er på 370 millionar kroner, eit kvartalsresultat banken er godt nøgd med.

– Kombinasjonen av god vekst og god utvikling på finansielle investeringar gjer at vi får eit godt resultat. Vi hadde rett nok eit endå betre resultat i same kvartal i fjor, men det kom i stor grad som følge av at vi selde aksjeposten vår i Frende Holding med god gevinst, fortel Teigene. 

Jobbar med kostnadar

Eigenkapitalavkastninga for 3. kvartal 2025 er på 15,8 prosent, mot 24,1 prosent per 3. kvartal 2024.

Driftskostnadene til banken er på 177 millionar kroner, og er redusert med 2,5 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Vi har eit pågåande kostnadsprosjekt som har som mål å sikre kostnadseffektiv drift framover. Vi har allereie gjort tiltak på eksisterande kostnadsbase og jobbar vidare for å optimalisere drifta, fortel den administrerande direktøren. 

Powered by Labrador CMS