– Utilrådeleg å ferdast på vegane i delar av Sør-Noreg

Statens vegvesen åtvarar folk mot å køyre på vegane Sør-Noreg i helga på grunn av svært kraftig vind og store nedbørsmengder.

– Vurder nøye om reisa bør og kan gjennomførast, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Vegar og bruer kan bli stengde

Uvêret vil ramme heile Sør-Noreg. Den kraftigaste vinden (raudt farevarsel) vil treffe kysten av Skagerrak. Den kraftigaste nedbøren (raudt farevarsel) vil ramme delar av Vestfold og Telemark.

- Vinden gjer at mange vegar kan bli stengde på grunn av tre eller andre objekt i vegbana. Mange reiser kan få mykje lengre reisetid. Bruer og utsette vegstrekningar kan bli stengde. Det vil i nokre område bli vanskelege køyreforhold på grunn av overvatn og fare for vassplaning. Det er stor fare for stengde vegar. Ein del stader kan miste vegsambandet mellombels. Ver førebudd på at reisa kan ta lengre tid enn ho pleier, skriv vegvesenet i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Fare for snø på fjellet

Også på fjellet i Sør-Noreg blir det kraftig vind, og det kan kome snø. For dei som skal over fjellet, er det viktig å vere godt førebudd.

– Folk må vere førebudd på vêret som kjem. Skal du over fjellet, er det viktig å sko køyretøyet rett. Køyr med vinterdekk, ha med mat og varme klede og pass på at bilen er fullada eller har nok drivstoff, oppmodar Svenn Egil Finden.

– Om det kjem snø, er entreprenørane våre allereie førebudde på vinter og står klare med både mannskap og maskiner for å rydde fjellovergangane i helga om nødvendig, legg han til. 

Finden oppmodar folk til å følgje med på vêrvarselet og på vegvesen.no/trafikk eller i appen Vegvesen trafikk for å få ei fullstendig oversikt over situasjonen på vegane.

Powered by Labrador CMS