Luther-bibel frå 1533. Foto: Nordisk Bibelmuseum

Unik kulturskatt til Noreg

Den verdifulle danske Rosendahlske bibelsamlinga er no blitt norsk etter 114 år i Danmark.

– Det er ei eksklusiv bibelsamling med mange unike og sjeldne objekt. Samlinga har no fått ein trygg stad å vere i museet i Oslo sentrum, seier dagleg leiar for Nordisk bibelmuseum Rune Arnhoff i ei pressemelding.

Det har vore stor pågang frå kultur- og historieinteresserte i Danmark som har ønskt å sjå den Rosendahlske samlinga då ho var der. Samlinga var likevel aldri offisielt utstilt. No kan ein sjå delar av boksamlinga på museet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den Rosendahlske bibelsamlinga består av over 500 biblar og bøker. I samlinga finn ein mellom anna verdas første Luther-bibel frå 1533.

(©NPK)