Undersøking: Halvparten vil forby fyrverkeri
51 prosent av dei spurde svarer i ei ny undersøking at dei ønskjer å forby fyrverkeri av omsyn til kjæledyr.
– At over halvparten av dei spurde ønskjer eit forbod, viser at dette er ei problemstilling mange tek på alvor. Frykt kan gi både fysiske og psykiske belastningar for dyra – dei forstår ingenting av det som skjer rundt seg, seier Espen Borge, kommunikasjonsrådgivar i Tryg, i ei pressemelding.
Undersøkinga er gjennomført av YouGov nettopp på vegner av Tryg.
Annonse
Forsikringsselskapet rår dyreeigarar til å lufta kjæledyra sine før fyrverkeriet byrjar.
– Sørg for at dei får lufta seg godt før det byrjar å smella ordentleg. Kjæledyr som blir ordentleg redde kan fort finne på å stikka av, og då kan ein risikera at dei ikkje finn vegen tilbake, seier Borge.
1005 personar over 18 år er spurde i undersøkinga. (©NPK)