
Undersøking: Ein av fem opplever å ikkje få naudsynt helsehjelp
Ein av fem nordmenn har opplevd å ikkje få naudsynt helsehjelp, viser ei undersøking Kantar har gjort for Legeforeininga.
Det kjem også fram at fire av fem meiner høgt arbeidspress blant helsepersonell svekkjer kvaliteten på tenestene.
– Tala er eit kraftig varsku, og det understrekar behovet for eit helseløft. Når ein av fem har opplevd å ikkje få helsehjelp, er det både urovekkjande og alvorleg. Innbyggjarane merkar konsekvensane av for liten kapasitet og for få fagfolk, seier Anne-Karin Rime, president i Legeforeininga i ei pressemelding.
Ho meiner problema stikk djupare enn lange ventetider og brot på tidsfristar, og at den grunnleggjande tryggleiken står på spel.
Rime reagerer på at helse i liten grad har vore tema i valkampen, og at nettopp derfor er dei ferske funna ei viktig påminning om at det trengst ei langt meir offensiv satsing.
– Ventetidsløftet har først og fremst vore eit skippertak. Lange køar er berre eit symptom. Problemet er underfinansiering over mange år av fleire regjeringar. Med eit helseløft vil ikkje vi trenge eit ventetidsløft, slår presidenten fast.
Ho minner om at sjukehusa er hardt pressa av auka renter, avdrag og urealistiske effektiviseringskrav. Samstundes er investeringsetterslepet på bygg, teknologi og utstyr no på over 100 milliardar kroner, seier ho. (©NPK)