Undersøking: Desse er minst positive til norsk EU-medlemskap

Berre éin av fire under 30 år ville stemt ja til norsk EU-medlemskap, viser ei fersk spørjeundersøking.

Publisert

1000 personar deltok i undersøkinga, som vart gjennomført av Opinion på oppdrag frå Altinget i løpet av veke 31.

Totalt sett svarte 33 prosent at dei ville stemt ja for at Noreg blir med i EU. 55 prosent svarte nei.

Og skepsisen var endå større blant dei unge, der berre 24 prosent av dei under 30 år svarte ja. Heile 60 prosent svarte at dei ville ha stemt nei i ei folkeavstemming.

Aldersgruppa som er nest mest skeptisk etter dei yngste, er dei mellom 50 og 59 år. (©NPK)

Powered by Labrador CMS