Berre 4,6 prosent av jordbruksarealet i Noreg blir drive økologisk. Det kan føre til meir import av økologiske varer i framtida. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Under fem prosent av landbruksjorda i Noreg er økologisk

Berre 4,6 prosent av jordbruksarealet i Noreg blir drive økologisk. Det kan føre til meir import av økologiske varer i framtida.

– Eg trur konvensjonelle bønder må ta inn over seg kva som skjer viss vi ikkje har økologisk produksjon her i landet. Då står dei klare i Danmark og Sverige. Og det trur eg alle tapar på, seier bonde Kolbjørn Anda til NRK.

Både i Sverige og Danmark er nemleg talet på gardar som blir drivne økologisk langt høgare. Sverige har no 20,4 prosent økologisk jordbruksareal, medan Danmark har 10,9 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I både Sverige og Danmark har det vore ein enorm vekst i økologisk landbruk. Der har styresmaktene og politikarane satsa og jobba målretta. Dei har ein eksportstrategi som er gull for dei, seier leiar Børre Solberg i organisasjonen Økologisk Noreg til NRK.

(©NPK)