Ulv skoten etter to års jakt

Ein ulv som skal ha teke over 350 sauer og lam i Ytre Sogn og Sunnfjord, vart felt fredag ettermiddag etter to års jakt.

Den einsame ulven har fått tilnamnet Lucky av jegerane som har jakta han, fordi han ved fleire høve så vidt har komme seg unna, skriv NRK.

Jakta den siste veka har vore intens, og Statens naturoppsyn har bidrege med helikopter. Over 20 personar har vore i aksjon dagleg. Fleire hundar og snøskuterar har òg vore i sving.

Artikkelen held fram under annonsen.

Staten har gitt fellingsløyve sidan ulven er langt borte frå ulvesona på Austlandet og fordi han har teke store mengder sau i området. Statsforvaltaren i Vestland har dei siste to åra betalt ut rundt 820.000 kroner i erstatning for tap av 358 lam og sauer etter ulven, ifølgje Bergens Tidende.

Jaktleiar Stein Mortensbakke seier han har blanda kjensler rundt fellinga av dyret. Dei har jakta på ulven lenge, men det er òg eit flott dyr som no er dødt, seier han.

Hannulven vandra over frå Sverige og prøvde truleg å etablere eit revir. Ulven blir no send til Trondheim for vidare undersøkingar.

(©NPK)