Venstres nestleiar Sveinung Rotevatn seier det ikkje har vore mogleg å semjast med regjeringa om eit nytt klimamål. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Uavklart om klimamål i Stortinget

Berre timar før Stortinget skal stemme over norske klimamål fram mot 2035, er det ikkje fleirtal for nokon av forslaga i Stortinget.

Publisert Sist oppdatert

Gjennom pinsa vart det gjort endå eit forsøk på å finne semje mellom partia om kva klimamål Noreg skal setje seg fram mot 2035. Møta varte til godt over midnatt.

Tysdag ettermiddag skal Stortinget stemme over klimaforliket og Klimameldingen 2035. 

Berre timar før er det ingen klare fleirtal for nokre av forslaga som ligg føre. 

Blant måla som skal setjast, er det prosentvise kuttet i klimagassutsleppa fram til 2035. Heller ikkje her er det noko fleirtal. Arbeidarpartiet og Høgre går inn for eit kutt på 70–75 prosent målt mot referanseåret 1990, men manglar ei stemme for å få fleirtal. Andre partigrupperingar har foreslått fleire andre mål, og det er lagt inn fleire lause forslag i saka.

– Det er viktig for Noreg og for verda at systemet der alle land melder inn mål for utsleppskutt til FN, fungerer. Derfor var vi villige til å forhandle på nytt, men tilboda frå regjeringa har så langt ikkje vore til å ta på alvor, seier nestleiar Sveinung Rotevatn i Venstre.

 – Arbeidarpartiet vil rett og slett ikkje gi frå seg høve til å kjøpe tvilsame klimakvotar i Usbekistan. Då kan dei ikkje vente støtte frå Venstre.

Venstre meiner at kjøp av klimakvotar utanfor EU vanskeleg kan gi nokon garanti mot utsleppskutt, og at det kan verke som ei kvilepute for regjeringa. (©NPK)

Powered by Labrador CMS