
To vestlendingar skal leie TV-aksjonen
Vestlendingane Tarjei Strøm frå Bergen og Øyvor Bakke frå Jondal skal leie TV-aksjonen på NRK, søndag 19. oktober.
Dei to programleiarane lovar ein spennande og underhaldande TV-kveld med interessante gjester, finurlege auksjonsobjekt, syklande P3-arar og ikkje minst god musikk. Kringkastingsorkesteret speler med mellom andre Chris Holsten.
– Det er berre å byrje å gle seg, seier Strøm i ei pressemelding.
TV-aksjonen i år går til Atlas-alliansen og skal gi 200.000 menneske med funksjonsnedsetjingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.
TV-sendinga går direkte frå Grieghallen i Bergen, i tre timar frå 19.50 til 23.00. Det gir Bakke sommarfuglar i magen.
– På ei lang direktesending kan jo alt skje! Samtidig blir det fint å møte alle gjestene og vise litt av det folket rundt om i landet har gjort for å samle inn pengar, seier Bakke. (©NPK)