To personar funne døde etter bustadbrann i Gulen
Det er gjort funn av to personar i bustaden som brann i Gulen fredag, opplyser politiet.
Det var Strilen som først omtalte saka.
Annonse
– Politiet undersøkte branntomta på laurdag. Det vart gjort funn av to omkomne. Politiet reknar med at det er dei sakna, men vi må vente på identifisering, seier politioverbetjent i Nordhordland, Ivar Holmaas, til avisa.
Det var fredag morgon at det tok til å brenne i bustaden. Det er to eldre personar som er registrerte på adressa. Dei pårørande er varsla om funna.
Det var naboar som varsla naudetatane om brannen i 7.30-tida fredag morgon. Då stod det flammar ut frå taket på huset.