Tingretten stansar ikkje Førdefjorden-deponi i påvente av høgsterettsavgjersle
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom får ikkje medhald i kravet om mellombels åtgjerd for gruvedeponiet i Førdefjorden.
Organisasjonane må òg betale sakskostnader på 2,5 millionar kroner, vedtok Sogn og Fjordane tingrett måndag.
I august slo Borgarting lagmannsrett fast at godkjenninga til staten av sjødeponi er ugyldig og i strid med vassforskrifta og EUs vassdirektiv.
Staten anka denne dommen til Høgsterett, og miljøorganisasjonane har kravd mellombels åtgjerd fram til saka er endeleg avgjord i Høgsterett.
Ikkje medhald
– I den konkrete vurderinga av om deponering av avgangsmassar i åtgjerdsperioden vil medføre ei vesentleg skade eller ulempe, har retten komme til at miljøorganisasjonane ikkje har sannsynleggjort at vilkåra i lova om sikringsgrunn er oppfylte. Retten vurderer at den meir-skaden som kan oppstå i eit tidsperspektiv på inntil tolv månader fram i tid, ikkje oppfyller kravet i lova om vesentleg skade eller ulempe, heiter det i rettsavgjerda frå dommarfullmektig Marianne Holmen.
Nordic Mining vinn ut rutil og granat frå Engebøfjellet ved Førdefjorden i Vestland. Staten har gitt selskapet løyve til å dumpe opptil 170 millionar tonn gruveavfall i fjorden.
Sidan ei avgjerd i saka var rekna som børssensitiv, kom den etter stengjetid på børsen.
Naturvernforbund-leiar Truls Gulowsen går hardt ut mot avgjerda.
– No kjenner vi på sjokk og skuffelse. Etter sigeren i lagmannsretten, fekk vi tilbake trua på at naturen har rettstryggleik i Noreg. At tingretten lèt omsynet til eit børsnotert selskap vege tyngre enn heile vekta av ein rein og rik fjord, det er ikkje til å forstå, seier Gulowsen i ei pressemelding.
200.000 tonn er deponerte
Engebø-anlegget vart offisielt opna 22. mai. Ifølgje tingretten var det i midten av oktober deponert rundt 200.000 tonn avfall i fjorden.
Efta-domstolen slo i mars fast at dumpinga i fjorden strir med EUs vassdirektiv. Regjeringa slo likevel fast at det ikkje var noko tvil om at løyvet som vart gitt, framleis var gyldig.
– Tilgangen på viktige mineral var ein del av grunngivinga da løyvet vart gitt. Med dagens tryggingspolitiske situasjon er behovet for slike mineral vorte enda viktigare, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i ei pressemelding like etter opninga.