Tine varslar kutt i mjølkeprisen
Til sommaren skal prisen på mjølk gå ned med 16 øre per liter, varslar Tine.
Tine er marknadsregulator for mjølk, og dei har vedteke at mjølkeprisen for andre halvår skal ned. Årsaka er ifølgje Tine eit stort fall i internasjonale mjølkeprisar og ei styrkt krone, melder Nationen.
Ny planlagd gjennomsnittleg engrospris blir på 6,87 kroner per liter for kumjølk.
Engrosprisen får normalt følgjer for heile verdikjeda, både vidare ut mot butikk og i form av betaling for mjølka som bøndene leverer.
I inneverande halvår vedtok Tine ein prisauke på 10 øre. Samla vil derfor prisen gå ned med 6 øre eller 0,87 prosent på eitt år.
Prisen på geitemjølk skal opp neste halvår med til saman 30 øre per liter.
Det var i fjor at Tine fekk i oppgåve å bestemme prisutviklinga på mjølk i Noreg etter at Stortinget vedtok at målprisen skulle avviklast. (©NPK)