Geir Oldeide. Pressefoto.

Tid for kystopprør – Oldeide på topp for Raudt

Nominasjonsmøtet i Raudt Sogn og Fjordane onsdag 2. desember plasserte Geir Oldeide frå Måløy og Kinn på 1. plass til stortingsvalet neste haust.

Oldeide er 64 år, gift med Auður, har tre vaksne døtrer og to barneborn. Han kjem frå ein fiskarfamilie og har sjølv vore fiskar i eit par år før han byrja å jobbe i fiskeindustrien i Vågsøy, der han enno arbeider. Geir har vore ein pioner i å bygge opp fagrørsla i fiskeindustrien og var i mange år tillitsvald i LO-forbundet NNN.

– Vi er glade for å få Geir på 1. plass. Han er ein svært røynd politikar som har stor støtte langt ut over sin eigen kommune. Han har tidlegare 20 år i Vågsøy kommunestyre og ein periode på fylkestinget i Sogn og Fjordane og er no gruppeleiar for Raudt i Kinn kommunestyre. Der har han markert seg som ein sterk forkjempar for distrikta, seier leiar i Raudt Sogn og Fjordane, Ingunn Kandal, i ei pressemelding

Artikkelen held fram under annonsen.

– No er det kysten sin tur. Vi er leie av at verdiskapinga frå kysten forsvinn herifrå. Endå verre blir det når vindbaronane peprar kysten med turbinar og flyttar verdiane til skatteparadis. Havvind skal aldri få jage fiskarane frå felta sine, seier Geir Oldeide i pressemeldinga.

– Med meg på tinget, vil vi få ei sterk og klar røyst mot vindkraft. Eg vil jobbe for reversering av både Vestland fylke og Kinn kommune. Kysten vil få eit talerøyr! Dette er viktig når dei andre partia i stor grad har prioritert toppkandidatar frå indre delar av fylket, held han fram.

Rita Tonning frå Sunnfjord kommune blei nominert på 2. plass. Tonning er kjend for arbeidet sitt for dei vanskelegstilte og er oppteken av konkrete tiltak mot dei aukande klasseskilja. Ho er også oppteken av arbeidet for trygge lokalsamfunn for alle. Rita har mellom anna vore mangeårig tillitsvalt i Fellesorganisasjonen og LO lokalt. Ho er engasjert i mange kvinnespørsmål og vil kjempe for innføring av seks timars arbeidsdag.

– Eg ser dessutan kampen mot privatisering av offentleg velferd som ei hovudoppgåve, seier Tonning.

På 3. plass står Stephan Øren frå Årdal. Han er oppteken av å motarbeide sentraliseringa og den avfolkinga som rammar bygdene og industrisamfunna i fylket. Øren har vore tillitsvalt LO-forbundet Industri Energi og er sekretær i LO Årdal.

På meiningsmålingane ligg Raudt godt an til å bryte sperregrensa, og då vil partiet få sin del av dei 19 utjamningsmandata.

– Målet vårt er å kapre utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane, seier Ingunn Kandal.

Her er heile Raudt-lista i Sogn og Fjordane

1. Geir Oldeide, Kinn

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Rita Tonning, Sunnfjord

3. Stephan Øren, Årdal

4. Hanne Bjerkvik, Fjaler

5. Sigbjørn Leirdal, Luster

6. Marie K Tveranger, Kinn

7. Einar Rysjedal, Høyanger

8. Aina Olin Engen, Gloppen

9. Pall H. Hannesson, Sunnfjord

Artikkelen held fram under annonsen.

10. Hege Terese Olsen, Årdal