Ti personar fekk augeskadar frå fyrverkeri – ber om forbod
Augeavdelingane rundt i landet tok imot ti personar med augeskadar frå fyrverkeri nyttårsaftan, to av dei alvorleg skadde. No ber overlege om forbod.
– Kvar augeskade på grunn av fyrverkeri er ein augeskade for mykje, seier overlege Lasse Mulstad Skrivervik ved augneavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, som ønskjer forbod mot privat oppskyting av fyrverkeri.
Ingen av dei som vart skadd brukte vernebriller. Dei to alvorlege skadde var ein mann og ei kvinne, der kvinna var tilskodar. Her skal det ha vore alkohol inne i biletet.
Definisjonen på ein alvorleg skade er at han er venta å gi stor synsreduksjon, medan ein moderat skade er ein kraftig akutt skade, men som ikkje er venta å gi stor synsreduksjon.
Dei åtte som ikkje har alvorlege skadar er moderat skadde.
To av dei skadde fekk skaden i samband med at eit effektbatteri som eksploderte. Ein av dei skadde er eit barn under 10 år som var tilskodar.
– Dei fleste av skadane skjedde ved bruk av effektbatteri. For somme av skadane har me ikkje opplysningar om kva slags fyrverkeri det var, opplyser Skrivervik.
Skadetala er noko høgare enn i fjor, då sju fekk augeskadar. Tala ligg elles jamt samanlikna med dei siste fem åra, men samanlikna med åra før 2020 er dei relativt låge. Samtidig kan tala framleis bli justerte opp ettersom det ofte blir ettermelde skadar dei første dagane etter nyttår. (©NPK)