Fleire i Midt-Noreg vel noregspris
Nesten halvparten av straumkundane i prisområdet Midt-Noreg har no valt Noregspris, etter ein kraftig auke sidan starten av august.
Delen har gått frå 29,7 prosent til 49,4 prosent, skriv NRK.
Straumøkonom Elin Hessen i Wattn meiner høge straumprisar og kortare tid att av bindingstida kan vere blant årsakene til utviklinga. Ho trur også at enkelte venta på lågare prisar gjennom sommaren, men at prisnivået ikkje blei så lågt som dei hadde håpa.
– Eg trur folk venta på dei låge sommarprisane. Og når sommaren ikkje innfridde på det nivået, så tenker folk at det kan vere greitt å hive seg på, seier Hessen til NRK.
Hessen seier det blir interessant å sjå korleis ordninga utviklar seg neste år. Ho peikar på at noregspris etter planen skal vare ut 2029, men meiner det er mogleg at nivået kan bli justert opp. (©NPK)