Med dei nye statsrådane blir Oslo-dominansen i regjeringa sterkare, meiner Mathias Fischer i Initiativ Vest.

Vestlandspolitikarar nådde ikkje opp

Vestlandet får ingen statsrådar i den nye Støre-regjeringa, og Mathias Fischer i Initiativ Vest er uroa for at regionen blir dårlegare representert.

Publisert

– Dei som kjem inn er frå Oslo, Oslo og Drammen. Det er meir Oslo-dominans i regjeringa no. Dei mistar perspektiv frå heile landet, seier Fischer til NRK.

Han meiner samferdselspolitikken kan bli særleg påverka. Han peikar på at fleire viktige vegprosjekt på Vestlandet allereie er prioriterte bort, og trekkjer fram den nye samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam som ein tydeleg Oslo-politikar.

På spørsmål om kvifor vestlendingane ikkje nådde opp, meiner Fischer at Arbeidarpartiet står svakt i regionen.

– Partiet har slite med rekrutteringa og å byggje opp profilar og talent, som kan vere gode statsrådsemne, seier Fischer til allmennkringkastaren. (©NPK)

Powered by Labrador CMS