
Studiegjelda aukar, men misleghaldet er lågt
Fleire har høgare gjeld når dei avsluttar utdanninga si no enn for ti år sidan. Likevel har tilbakebetalarane til Lånekassen god betalingshistorikk.
Ein nyutdanna student hadde i gjennomsnitt 457.000 kroner i studiegjeld i 2024, viser nye tal frå Lånekassen. I 2015 var gjennomsnittsgjelda 391.000 kroner, rekna om til 2024-kroner.
Færre studentar går ut med lågare gjeld, og fleire har høgare gjeld når dei avsluttar utdanninga si no enn for ti år sidan.
Det er også fleire enn før som passerer 1 million kroner i studiegjeld etter enda utdanning. I 2024 gjaldt dette 2100 studentar, i 2023 var det 1700 studentar og for fem år sidan 1500.
Dei fleste med over 1 million kroner i studiegjeld har studert i utlandet.
Lånekassens tilbakebetalarar har god betalingshistorikk, og misleghaldet av studielån er lågt. Både delen purringar og delen som får lånet oppsagt på grunn av misleghald, har sokke dei siste ti åra. (©NTB)