Stort brot på mobilnettet

På ettermiddagen i dag datt mobilnettet ut for veldig mange i området vårt. Både Nordfjord og deler av Sunnfjord er råka.

Til NRK seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, at som har skjedd er det største brotet i telenettet på lang tid.

Det var denne meldinga som møtte dei som prøvde å bruke mobiltelefonen på ettermiddagen i dag.

Tryggleiksalarmar.

Ifølgje dekningsdirektøren er det eit brot på Voss og eitt i ein sjøkabel utanfor Måløy. Som følgje av dette er også hundrevis av tryggingsalarmar ute av drift. I Gloppen er alle basestasjonar ute av drift. Det er heller ikkje dekning i deler av Jølster.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når feilen blir retta er uvisst, men Telenor håpar det ikkje skal ta alt for lang tid.