Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) under pressekonferansen onsdag på Blaafarveværket. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Støre vil hente inn milliardar med ekstraskatt på laks og kraft

Regjeringa foreslår stor skattepakke for naturressursar og vil hente om lag 33 milliardar kroner ekstra i grunnrenteskatt frå vasskraft og fiskeoppdrett.

– Fellesskapet treng større inntekter i åra framover for at vi saman skal kunne verne om god velferd til alle. Etter mange år med aukande forskjellar er det heilt nødvendig at dei som har mest, og i mange tilfelle har fått mykje meir dei siste åra, bidreg meir, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

– Ein viktig del av dette blir å sikre at verdiane som kjem frå naturressursane våre, må fordelast meir rettferdig enn i dag, seier han vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa foreslår mellom anna ein effektiv sats på 40 prosent grunnrenteskatt når det gjeld produksjon av laks, aure og regnbogeaure. Desse skatteinntektene blir anslåtte til opp mot 4 milliardar kroner årleg.

Grunnrenteskatten på vasskraft blir auka frå 37 til 45 prosent. Skatteinntektene blir anslåtte til 11,2 milliardar kroner årleg.

Tiltaka vil gjelde frå 1. januar.

Regjeringa har varsla at statsbudsjettet vil bli eit ansvarleg budsjett med redusert oljebruk. Samtidig aukar utgiftene på mange viktige område, eit gap på titals milliardar kroner, heiter det i pressemeldinga.

– Vi har i realiteten to måtar å tette dette gapet på; store kutt i velferd som pensjon, helse, politi og eldreomsorg eller gjennom skatteaukar. Utgiftskutt som gir inndekking i den storleiksordenen det er behov for no, vil ikkje samsvare med det samfunnet vi vil at Noreg skal vere, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).