Over 120 ulovlege reiskapar vart beslagde i aksjonen på Vestlandet. Foto: Fiskeridirektoratet/NPK.

Store mengder ulovlege fiskereiskapar beslaglagde i aksjon på Vestlandet

120 fiskereiskapar er beslaglagde av politiet i ein omfattande fellesaksjon mot ulovlege reiskapar på Vestlandet. Eigarane er melde.

Aksjonen, som strekte seg over fire dagar tidlegare i mai, vart gjennomført i samarbeid mellom politiet, Fiskeridirektoratet, Kystvakta og Statens naturoppsyn, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding. Blant beslaga er 110 teiner, i tillegg til garn og andre reiskapar.

– Fleirtalet av beslaga har kjend eigar, og forholda vil bli melde til politiet, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utgangspunktet for fellesaksjonen var reiskapar som står i sjøen, påbodet om nedsenka garn og ruseforbodet. Det er forbode å fiske med ruser i perioden 1. mai til og med 30. september i Sør-Norge.

Mange av reiskapane var tilsynelatande gløymde av eigarane og var ikkje røkta slik røktingsplikta tilseier.

– På den andre sida var det gledeleg å konstatere at mange av teinene vi kontrollerte hadde fungerande rømmingsvegar og det var lite død fisk og skaldyr i teinene som hadde korrekt innmontert rømmingsveg, seier Rudi Iden.

Aksjonen omfatta området frå Stavanger i sør og nordover til Austevoll i Vestland. (©NPK)