Støre blir føretrekt av halvparten i ny statsministermåling

Med 50,1 prosent er statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) den klart mest populære kandidaten til å styre landet i TV 2s siste statsministermåling.

Publisert

TV 2 publiserte målinga frå Verian medan dei tre statsministerkandidatane Støre, Høgre-leiar Erna Solberg og Frp-leiar Sylvi Listhaug vart stilt til veggs i den siste statsministerduellen til kanalen seint søndag kveld.

Medan 50,1 prosent av dei spurde føretrekkjer Støre som statsminister i ein ny periode, svarer 24,4 prosent at dei ønskjer Solberg og 20,1 prosent Listhaug. Støre har dermed klart større oppslutning enn dei to borgarlege rivalane sine til saman.

– Det er hyggelege tillitstal, sa Støre då han fekk høyre tala i direktesendinga. 

I ei anna måling Respons Analyse har gjort for VG og Aftenposten søndag, får Støre litt mindre oppslutning, men er framleis den klart mest føretrekte statsministeren etter stortingsvalet med 47 prosent. 

Her seier 21 prosent at dei føretrekkjer Listhaug som statsminister, opp 3 prosentpoeng frå førre statsministermåling i avisene. Solberg er det føretrekte valet blant 24 prosent av befolkninga, medan 8 prosent svarer at dei ikkje vil ha nokon av dei eller at dei er usikre. 

– Sylvi Listhaug får støtte frå veljarar av dei veldig små partia. Men elles er både Venstre og KrF-veljarane framleis i Erna-modus, seier Thore Gard Olaussen i Respons Analyse til VG.

I denne målinga peikar 60 prosent av dei som har oppgitt at dei vil stemme på Venstre og KrF, på Erna Solberg (H). Av Venstres veljarar er det berre 5 prosent som meiner Listhaug er det beste alternativet.

– No er det jo framleis relativt jamt, men det at det er såpass mange som seier dei ville stemme på eit borgarleg parti som ikkje eigentleg er komfortable med Sylvi Listhaug, betyr nok også at nokre av dei har hoppa over til Ap, seier valforskar Bernt Aardal til avisa. (©NPK)

Powered by Labrador CMS