Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstiuttet, er uroleg for ein aukande smittevern-trøyttleik i befolkninga. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Stoltenberg redd for at folk ikkje orkar meir smittevern

Eit halvt år med koronatiltak er unnagjort. No er FHI-direktør Camilla Stoltenberg uroleg for ein aukande smittevern-trøyttleik i befolkninga.

Laurdag er det seks månader sidan regjeringa 12. mars innførte dei mest inngripande tiltaka i fredstid for å kjempe mot koronapandemien.

– Alvoret. Det er den kjensla som sit sterkast igjen frå desse dagane, seier direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men også ei slags lette, fortel ho. Som øvste smittevernansvarlege institusjon i Noreg hadde FHI allereie i fleire månader åtvara mot kva som kunne vere i gjære. Mange meinte dei overdreiv og dreiv med unødvendig svartmåling.

– Det regjeringa gjorde 12. mars, fekk folk generelt til å forstå alvoret i situasjonen, og det roa meg, seier Stoltenberg.

Tilbakeslag

Ho meiner nordmenn trong det sjokket det innebar å stengje ned landet, sjølv om det i ettertid har gått harde diskusjonar om dei alvorlege konsekvensane for økonomien, for barn og unge, eldre på sjukeheimar og den psykiske helsa i befolkninga.

Og pilane gjekk raskt i riktig retning. Helsetenesta fekk tid til å byggje opp kapasitet. Smittetal og dødstal gjekk jamt nedover gjennom våren, og i takt med det vart landet gradvis gjenopna. Samtidig auka bekymringa igjen i FHI, fortel Stoltenberg.

– På forsommaren opplevde vi at folk følte at det gjekk så bra at dei ikkje forstod kvifor vi skulle halde på med smittevernreglane meir, seier ho.

Dermed vart det kanskje tilsvarande tungt for befolkninga då tilbakeslaget kom i august i form av lokal oppblussing av smitte og stans i planlagde lempingar, meiner ho.

Fryktar smittevern-trøyttleik

I mange land har det den siste tida vore omfattande demonstrasjonar mot smittetiltaka. Stoltenberg ser teikn på smittevern-trøyttleik og slitasje òg i Noreg no. Og det bekymrar henne.

– Festane vi til dømes har sett blant unge folk den siste tida, kan vere ein indikasjon på det, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho meiner det er forståeleg.

– Folk orkar ikkje og klarer ikkje å etterleve så strenge reglar over tid. Du kan tole det i ei økt, men så byrjar folk å gjere andre ting. Dei blir trøytte av det.

– Er det eit argument for å ha så milde tiltak som mogleg?

– Det er eit argument for å tiltak som er så riktig dosert som ein kan klare. Det kan handle om at ein til dømes ikkje pålegg heile befolkninga å bruke munnbind og straffar dei som ikkje gjer det, viss det ikkje er nødvendig, seier ho.

– Vi skal ta denne slitasjen alvorleg, men det er òg ei stor utfordring å passe på at folk held fram med å hugse at det er ein pandemi. Den balansen er eit reelt dilemma, seier ho.

Ho seier ein av dei største utfordringane for styresmaktene framover, er å finne gode måtar å kommunisere med grupper det ikkje er så lett å nå, som dei unge og ein del innvandrarmiljø, der det òg har vore omfattande smitteutbrot den siste tida.

Ser vi lyset i tunnelen?

25. mars uttalte Stoltenberg at ho meinte tiltaka ville vare i 18 månader. Ho meiner prognosen framleis kan stå seg, men kan ikkje gi nokon garantiar. Alt avheng av når ein vaksine er på plass som kan sørgje for immunitet i befolkninga.

– Det kan òg ta fleire år, seier Stoltenberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Trur du vi neste sommar kan dra på ferie til utlandet som før?

– Eg veit ikkje.

Men når verda ein gong er tilbake til normalen, håpar FHI-direktøren nokre koronatiltak vil bli med oss permanent:

– Eg har jo spekulert på om vi vil få betre vanar når det gjeld handvask og å klemme kvarandre og ta kvarandre i hendene. Det hadde vore ein fordel for å hindre spreiing av mange smittsame sjukdommar, seier ho.

(©NPK)