
Stoltenberg beklagar budsjettbråket: – Ein alvorleg feil
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) møtte onsdag pressa for å kommentere budsjett-striden, der kalla han heile prosessen ein alvorleg feil.
– Det er ein alvorleg feil at det vart sagt ting som ikkje vart følgde opp i budsjettet. Då er det viktig å gjere to ting: Det eine er å beklage, det har vi gjort, og det er noko eg sjølvsagt er heilt samde i. Men endå viktigare enn å beklage er jo at vi også rettar opp og ryddar opp, sa Stoltenberg til pressa onsdag.
Finansministeren ville ikkje gå inn på det han kalla omstendelege og grundige budsjettprosessar, men sa likevel at «ein skal ikkje ha mykje fantasi for å skjønne at kutt normalt kjem frå Finansdepartementet».
Annonse
– Det som er det aller viktigaste er at det ikkje har fungert, at det har vore feil, at det har vorte sagt ting som ikkje skulle vore sagt, at det har vore lova ting som ikkje har vorte følgde opp.